Pedagogisk programvare: Cappelens ABC
Hovudsida er brukarvennleg, innbydande og enkel, og gir klare, konstruktive val. Det første ein ser når ein kjem inn på hovudsida er ulike figurar med ulike fargar rundt seg. Her skal elevane velje korleis vanskelegheitsgrad dei skal gjere oppgåver på, og vel mellom grøn, blå og gul knapp, samt ein egen ABC-knapp. Inne på kvar knapp er det tilpassa oppgåver til det særskilde nivå.
Det er gode, varierte oppgåver som er presentert på ein tiltrekkande måte. På ABC – knappen kan ein trykke på kvar bokstav og få lest opp ord som byrjar på den einskilde bokstav. Til døme om ein trykk på bokstaven A, kan ein få høyre ord som agurk, ambulanse og liknande. Det eg derimot saknar på denne knappen, er at det også står ordet skriftlig, slik at elevane kan høyre ordet samstundes med at dei ser korleis det skrivast.
”Cappelens ABC” er ein nettressurs, men krev Flash 8 eller nyare, samt Acrobat Reader. Flash er Adobe sitt animasjonsprogram som blir brukt på mange nettsider i dag. Acrobat Reader er mellom anna ein pdf-lesar. Det er gratis å installere disse, men det kan følgje med nokre usikre moment (crapware), som til døme ein ny verktøylinje i nettlesaren og ny søkemotor.
”Cappelens ABC” kan elevane bruke sjølv, det er enkelt å orientere seg og passar for den aldersgruppa som læreverket er meint for, elevar på 1. og 2. trinn, men også for elevar som treng ekstra øving på dei andre trinna. Nettressursen er også tilrettelagt slik at dei som skriv nynorsk kan bruke denne. Ein finn enkelt ”Til nynorsk” øvst i høgre hjørne.
”Cappelens ABC” er ein god nettressurs som egnar seg til opplæringsbruk. Ein kan bruke denne nettressursen som eit supplement sjølv om ein ikkje brukar læreverket. Eg synes oppgåvene er innbydande og varierte, og grafikken er bra. Eg likte spesielt godt den litt alternative forma for Hangman der ein mann heng i eit tau etter eit fly, og om ein ikkje vel riktige bokstavar, kan det ende med at mannen blir spist av ein hai. Dette er nok fengande også for elevar på 1. og 2. trinn. Eg likar også godt at ikkje nettsida er overrepresentert med for mykje fargar, lydar og effektar. Det er akkurat passe slik at det blir interessant, men ikkje så mykje at fokus blir på alt det andre og ikkje på sjølve oppgåvene. Alt i alt, er dette ein god nettressurs som eg kjem til å ta med meg ut i mitt framtidige skuleliv.